HJEM....INNHOLD....GALLERIER....VIDEO. ...DIKT....NOVELLER....EROTIKA....50 ORD....RSS....OM


søndag 12. desember 2010

Lærdom

Dancing in the Night Breeze

Å elska
er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner
kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtest
sjeldan.

Snakk heller
om å gå til fots
gjennom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.

Å elska
er å tenna lys
og tørka tårer,
natt og dag.

Alf A. Sæter

1 kommentar:

  1. Har nettopp oppdaga bloggen din. Kvalitet. Og at du har dette diktet; mer kvalitet. -e

    SvarSlett